Nord-Fron kommunes samling av Widerøes flyfoto omfattar 640 bilde av dei fleste gardane (med unntak frå Graupe og oppover mot Skåbu) og husstandane i Nord-Fron, i hovedsak frå året 1959. Det er i tillegg nokre bilde frå Sjoa i Sel kommune og Skurdalsgrenda i Sør-Fron. Dei fleste bilda er i svart/kvit.

Nokre av bilda har Widerøes flyveselskap merka med nøyaktig stadnamn samt dato og år, men dei fleste bilda var ikkje merka. Det har difor vore nødvendig å bruke personar med god lokalkunnskap frå Nord-Fron kommune i arbeidet med identifiseringa av desse bilda. I tillegg til namn er eigedomane og påført gards- og bruksnummer.

Særleg når det gjeld bilda frå nabokommunane - men også innafor Nord-Fron kommune sine grenser - er ein usikker på om all namning er korrekt. Nord-Fron kommune vil difor gjerne ha tilbakemelding på eventuelle feil. Kontaktperson vil då vere Ole Johan Kolseth.

Det er mogeleg å bruke søkjefunksjon for å finne bilde frå sin eigedom eller ein annan aktuell eigedom. Ein kan då søkje på gardsnamn eller gards- og bruksnummer. Det er og mogleg å bla i samlinga.

Ønskjer ein å få tatt ut bilde i god kvalitet på fotopapir og i full storleik kan FoTobben på Vinstra kontaktast. Oppgje bildenummer og ønskt storleik på bildet.

Fakta om flyfotosamlinga:

Eigar: Nord-Fron kommune
Produsent: Widerøes flyveselskap
Digitalisert og presentert av Fylkesarkivet i Oppland

Åpne samlinga

Søk i bilda
 
Logg på



Gløymt passord?

 

Nord-fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Webredaktør: Anne Grete Bakkene | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike